Nei og nei kor tregt det går med blogginga mi for tida. Skulle nesten tru at eg hadde fått meg ein aktiv kvalp som treng meg heile tida :::)) Det er ikkje heilt sant. Barnum er ein aktiv kar, ja og må nesten heile tida justerast. Og det er ikkje berre berre for Petrine som ikkje lenger er nokon ungdom. Men det går no an å blogge for det, seier du :) Ja, så no er vi på bana igjen. Og i morgon er det 17.mai.
Skal ein blogge er første bod at ein lyt ha noke ein kan blogge om. Eg har: Ein stk hund, strikketøy, vær og eit digitalkamera og litt tid til å få sammen eit innlegg men minst mulig kunstige overgangar :)))
Det står tøflestrikk av restegarn på programmet mitt for tida. Det starta med at eg fann denne eine tøflen i lestekorga:
Eg har funne oppskrifta her på nettet ein gong, men kan ikkje finne den igjen. Men tøfla er egentlig enkel å få sammen og ein kan variere mønster og fargar i det uendelige. Og så er ho kjempekjekk å strikke. Fin måte å få brukt litt av garnlageret. Eg synest det er artig å ha nokre strikka-tøfler liggande i Petrineshus. Fint å kunne putte på gjestane våre om dei frys litt på beina. Ellers er det ei grei lita gave å gi. Om tida og orken er der, kan eg sikkert skrive ned korleis eg lagar ein slik tøffel og blogge den. Vi får sjå :)
Ja, så var det dette med beina på bordet igjen !
Dette bildet er for å lage ein overgang til neste tema:
Været eller vejre, som vi seier her.
Her er det blå himmel med fine kvite skyer. Men det er ikkje så mange dagane sidan at det bles og hagla store kaffesukker ute og Barnum stod ved altandøra og rista på hodet og ville ikkje ut.
Det var krangel i værhuset også. Kona og mannen krangla høglytt om kven som skulle gå ut :)
Ja, slikt skjer her hos oss:)
Neste overgang: Frå hagl til pøsregn til kurs:
Puddelgutt og eg har vore på kvalpe- og unghundkurs. Sist var det pøsregn og det var surt og kaldt å skulle trene "sitt" i søylepyttane. Barnum var FLINK. Han gjorde iallefall sitt beste med alle dei andre hundane og frammande folka rundt seg. I går var det bedre for då regna det ikkje og vi trena på mark. Barnum var FLINK, sjølv om han sleit litt med konsentrasjonen til tider.
"Ja, kom igjen då, Mamma ! Eg er klar som eit egg !"
"Vent litt, må berre sjekke kva den Lagottoen driv på med."
Han ville liksom ikkje forstå at vi skulle jobbe med "sitt, ned, ligg" når han heller kunne springe rundt å leike med alle dei andre. Men han gjorde sitt beste. I ettermiddag skal vi av stad å høre på eit av korpsa til Englebarn#1. Gjeng det greit, skal han få vere med å sjå 17.mai tog her ute i bygda. Blir det spetakkel og bjeffing, må han bli heime og høre korpsmusikken på radio :)
Ha ein flott 17-mai !



